Personvernerklæring Fotspor Mobilapplikasjon

Ansvar

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ansvarleg behandlar for innhenting og bruk av personopplysningane som blir gjort i samband med drift og vedlikehald av appen Fotspor. Fotspor leiger webhotell og server hos PRO ISP AS og er underlagt deira tenesteavtale. Google Inc er databehandlar og leverandør av kartmotor og kartdata. Ved nedlasting av innhald i appen for bruk utan nett blir kartdata henta frå Here Maps.

Tredjepartstenester

Google Maps

Vi nyttar tenesta Google Maps for å vise kartdata i appen. Når du ser på eit kart blir IP-adressa di lagra hos Google. Nokre metadata blir sendt til Google når Google Maps programvara er i bruk, for å oppretthalde og vidareutvikle Google sine tenester, til dømes:

Kræsjanalysar kan bli sendt til Google for å forbetre stabilitet og kvalitet til Google Maps programvara.

IP-adressa blir sendt til Google for å forstå bruken av og forbetre Google sine tenester.

Ein delvis anonymisert identifikator for Google Maps programvara blir sendt til Google for å måle dagleg aktivitet og forbetre Google sine tenester.

Vimeo

Fotspor laster ned videomateriale frå Vimeo API via ein nøkkel som identifiserer HVL sin Vimeo-konto. Ingen persondata bortsett frå IP-adresse blir overført i samband med dette.

Here Maps

Fotspor lastar ned kartdata frå Here Maps ved nedlasting av vandringar for bruk utan nett. Dette går via ein nøkkel som identifiserer HVL sin Here Maps-konto. Ingen persondata bortsett frå IP-adresse blir overført i samband med dette.

PRO ISP

Alle øvrige data som blir brukt i appen blir overført frå webhotellet vårt hjå PRO ISP AS. Ingen persondata bortsett frå IP-adresse blir overført i samband med dette.

Lokasjonsdata

Fotspor bruker lokasjonsdata (GPS) for å plassere brukaren i eit kart og for å avgjere kva innhald som skal presenterast. Desse dataa brukast berre lokalt og blir ikkje vidareformidla eller lagra, verken lokalt på telefonen eller på annan måte.

Personvernombod

Personvernombod ved HVL er Trine Anikken Larsen. Personvernombodet kan du ta kontakt med på e-post personvernombod@hvl.no.